Middag med mord

Middag med mord er opphaveleg eit engelsk fenomen. Der er konseptet så populært at det er utselt år i førevegen. Her i Førde har vi no presentert Middag med mord i fleire år – og i år er det eit heilt nytt teaterlag – norsk – som lagar ablegøyer kring matbordet når Rica Sunnfjord arrangerer i Hugleik laurdag kveld. Gå ikkje glipp av denne opplevinga – få billettar att! Ring resepsjonen på Rica 57834000 for billett. Treretters gourmetmiddag og teater kr 780,-.

Krimkveld med høgaktuelt tema

Krimfest Sunnfjord har i år valt eit høgaktuelt tema på fredag kvelden i Fjøsen- overgrep mot born. I den anledning har dei invitert oss, Senter mot incest og seksuelle overgrep i Sogn og Fjordane (Smiso SF). At eit slikt tema kan vere ein del av ein krimfest er bra, då overgrep mot barn framleis er eit svært tabubelagt tema. Smiso SF har med seg Randi Harberg (33)som står fram og fortel om det å vere overgrepsutsett – kor vanskeleg livet har vore, og konsekvensane dette har medført. Møt opp, og støtt arbeidet mot seksuelle overgrep.

Trude og Chatrine – som arbeider ved SMISO

KRIMFEST SUNNFJORD 2013

I år kan Krimfest Sunnfjord by på eit spennande og variert program som høver for alle aldrar. Festen startar torsdag 17. oktober med eit arrangement for dei yngre på Tefre Ridegard. Der kjem Anne Viken og les frå den siste boka si “Mysteriet på hesteklinikken” ved bålet i gapahuken.

*Fredag *blir det først eit møte med Jørn Lier Horst i biblioteket. Dette arrangementet er for inviterte skuleklassar.

Kl 19,30 blir det krimkveld i Krimfjøsen på Hegrenes Bruk. Arrangementet er eit samarbeid med SMISO (senter mot incest og overgrep). Overgrep er tema denne kvelden og vi møter to forfattarar som begge har teke opp dette i sine bøker – Monika Nordland Yndestad og May Lis Ruus i samtale med Marit Bendz.
Etter pausen får blir det bokbad med Jørn Lier Horst som fekk Rivertonprisen i år. Marit Bendz intervjuar.
Som krydder vil den plateaktuelle Olaug Elise Alvheim, frå Førde og Angedalen glede oss med vakker song.
Det blir også servert krimsuppe ut over kvelden. Open bar.

Laurdag blir det lunsjmøte med Hans Olav Lahlum og Marit Bendz i biblioteket på Rica Sunnfjord Hotell kl 12.30.
Om kvelden avsluttar vi med Middag med Mord i Hugleik.

!bilde undefined!

Litteraturkveld på Joss Pub i Høyanger.

Vi inviterar til krimkveld i Høyanger.
Krimforfattarane Gunnar Staalesen, Rune Timberlid og Kai Martin Brekke
kjem til Høyanger for å snakke om sine bøker og sitt forfattarskap. Korleis
får dei inspirasjon og kva er planane vidare framover er også spørsmål dei
vil snakke om.
Tidligare fylkeskultursjef og Høyangermann Lidvin Osland vil vere
kveldens bokbadar.
I tillegg til det litterære vil det også bli musikkinnslag frå lokale utøvarar.
tid/Stad Joss pub i Høyanger torsdag 10. november kl. 19.00
Arrangementet er gratis.
Velkommen!
Krimfest Vest, Sparebanken Vest, Skald Forlag

Ny spennande bok på Gyldendal - Forfattar Olav W Rokseth

-


Forfatter: Olav W. Rokseth
Utgivelsesår: 2011
384 sider
1. utgave


Et spørsmål om beskyttelse
Olav W. Rokseth
En imam blir en sen sommerkveld skutt i Tøyengata i Oslo. Attentatmannen har etterlatt seg noen linjer fra et arabisk dikt som innvarsler en endetid og “den tolvte imam”.

Pris: 299,- PST kontakter religionshistorikeren Davood Ariani, som nå har tatt navnet David Anderson. Han mener attentatmannen har flere drap foran seg.

Og David får rett. Et par dager senere blir en annen imam drept. Offeret er Davids nære venn og samtalepartner Milan. Også her finner man linjer fra det samme diktet på åstedet. Og attentatmannen har ennå ikke fullført sitt prosjekt.

Davids familie ble drept under uroligheter i Libanon. Motvillig reiser han tilbake, på oppdrag fra PST … og for å konfrontere fortiden.

“Høyaktuell krimdebut … Debutant som fortjener mange lesere … Rokseth fullfører sin ambisiøse og intrikate intrige, og overrasker leseren med uventede vendinger helt til bokens siste side.”
Torbjørn Ekelund, Dagbladet

“Glimrende norsk spenning … Rokseth overgår det meste av utenlandsk litteratur i samme sjanger.”

Egil Morland, Dagen

" … en fortelling om kjærlighet, hat og hevn – en leseverdig og løfterik debut."
Ørjan Greiff Johnsen, Adresseavisen

“Debutanten Olav W. Rokseth er en dreven skribent, som har satt sammen en helt utmerket krimfortelling.”
Sindre Hovdenakk, VG
-

Litteraturkveld på Lægreidspuben

Bokbad med krim og spenning på Lægreidspuben

Torsdag er det klart for bokbad på Lægreidspuben i Sogndal, og her kan du møta krimforfattarane Jan Mehlum og Rune Timberlid som begge er ute med ny krimroman i haust.
Vestfoldingen Jan Mehlum er aktuell med boka Straffen. Dette er den tolvte spenningsromanen med advokaten Svend Foyn i hovudrolla. Mehlum er etablert som ein av dei beste forfattarane i krimsjangeren, og fekk i 1998 Rivertonprisen for romanen Kalde hender.
Sogningen Rune Timberlid kom i august med den sjette krimromanen med politibetjent Rolf Randen som gjennomgangsfigur. Årets bok har tittelen Sanct Svithuns gåte . Medan den førre boka hans hadde handlinga lagd til Indre Sogn, så er Rolf Randen denne gongen på oppdrag ute på kysten – først og fremst i verharde og vakre Selje.
Også denne gongen må Rolf Randen eit stykke bakover i tid for å komma til botnar i alt det mystiske som skjer i Selje. Sanct Svithuns gåte har trådar tilbake til andre verdskrigen, så vel som sovjetrussiske GULaG-leirar i Sibir og Den spanske armadaen.
Bokbadet i Sogndal er eitt av fem slike arrangement som Krimfest Vest har lagt rundt om i Sogn og Fjordane. Tidlegare heitte arrangementet Krimfest Sunnfjord, men arrangøren ønskjer å nå breiare ut i fylket – difor namnebytet. Tidlegare i haust har det vore bokbad i Selje, Stryn og Florø.
Bokbadar i Sogndal 13. oktober er Georg Arnestad, som i fjor haust vart vald inn i det nye styret i Krimfest Vest. Han vil intervjua dei to forfattarane både om forfattarskapet deira og ikkje minst dei nye bøkene .

For ytterlegare informasjon kan de kontakte:
Programansvarleg i Krimfest Vest Judith Hegrenes i Krimfest Vest på tlf 924 48 784
Styremedlem Georg Arnestad tlf 57 67 14 05

KRIMKVELD I STRYN - Nedrebergtunet

Krimfest Vest og Sparebanken Vest inviterer til litteraturkveld på
NEDREBERGTUNET

Forfattarane Rune Timberlid og Bjarte Sindre kjem for å snakke om
bøkene sine og sitt forfattarskap og blir bokbada av Judith Hegrenes. Rune vil bl.anna snakke om si siste bok, Sanct Svithuns gåte og Bjarte omkring bokserien Odins Smykke.

I tillegg til det litterære vil det også bli ei enkel servering og musikkinnslag

tid/Stad Nedrebergtunet 22. september kl. 19.00

påmelding birger.nedberge@spv.no, tlf. 909 48 660 eller direkte til Torhild i Nedrebergtunet…eller berre kom.

Velkommen!

• Vi ønskjer oss fleire fans! Følg oss på Facebook, så støttar du arbeidet vårt! Samtidig held du deg oppdatert på siste nytt om forfattarane som kjem, arrangementa og deltakarar, og du kan kome i kontakt med oss eller andre som engasjerer seg i Krimfesten! • www.facebook.com

KRIMKVELD I FLORØ

Krimfest Vest og Sparebanken Vest inviterer til litteraturkveld på

Comfort Hotel i Florø.

Forfattarane Rune Timberlid og Bjarte Sindre kjem for å snakke om sine

bøker og sitt forfattarskap og blir bokbada av Edvin Helgheim. Rune vil bl.anna snakke om si siste bok, Sanct Svithuns gåte og Bjarte omkring bokserien Odins Smykke.

I tillegg til det litterære vil det også bli ei enkel servering og musikkinnslag

frå lokale kulturskuleutøverar.

tid/Stad Comfort Hotel, Kysten Bar, Florø torsdag 15. september kl. 19.00

påmelding birger.nedberge@spv.no, tlf. 909 48 660 eller stikk

innom banken i Florø.

Det er avgrensa antal plassar så vi praktiserar

«fyrste mann til mølla.

Velkommen!

Rita Eriksen Trio til Krimfest Vest

Quality hotel Førde | Torsdag 29. sept.
For mange er Rita Eriksen den kvinnelige stemma på «Tir n’a Noir». Rita Eriksen feira 20-års jubileum som artist i fjor, og markerte hendinga med ei ny CD i haust. Det vart ein ubetinga suksess, og plata vart nominert til Spelemannspris i år.

Det er ikke mange nordiske artister som slår Rita Eriksen når det gjelder å mikse visesong, folk, rock, soul og country…Rune Slyngstad, Avisa NordlandSyskjenduoen ERIKSEN, der ho syng saman med broren Frank, har vore Rita sitt hovudprosjekt sidan 1992. Fram til 1998 ga dei ut fire sterke album; «Two Blue» (1992), «The Water is Wide» (1994), «Alt Vende Tebage» (1995) og «Blåmandag» (1998) og etablerte seg som nokre av Noregs mestselgjande artister.

ERIKSEN fekk Spellemannprisen for «Two Blue» og vart nominert for «The Water Is Wide» og «Alt Vende Tebage». ERIKSEN er mykje spilt på norsk radio og særleg deira versjon av den kjente Alf Prøysen melodien «Sønnavindvalsen» og den irske folketona «The water is wide» har gjort ERIKSEN til allemannseige i Noreg.

Rita debuterte i 2006 som syngjande skodespelar på Rogaland Teater i stykket «Skyfri Himmel» med songar av Bjørn Eidsvåg. Stykket vart ein formidabel suksess, og gjesta Det Norske Teateret sommaren 2007 – til fulle hus og stormande jubel.

Rita Eriksen er med på mange prosjekt i det norske musikklandskapet. Mellom anna Vamp, Jonas Fjeld, Bjørn Eidsvåg, Tre Små Kinesere, Hellbillies, Ytre suløens Jazzansemble, Sandvika Storband, Reidar Larsen, Bjørn Berge, og Christian Ingebrigtsen (Frelsessarmeens juleplate 2006). Ho var og med på Vamp si «I full symfoni» der hun sang Tir n’a Noir med KORK i eit opptak frå Rockefeller. Denne CD’en selde over 150 000 eks. DVD’en frå same konsert vart ein tilsvarande suksess med over 20.000 selde eks. Rita har vore med på plater for å hylla Alf Prøysen (Sønnavindvalsen), Erik Bye (Hildringstimen) og Johnny Cash (I guess things happen that way).

KRIMFEST SUNNFJORD

Følges av 5 medlemmer.

På sona Krimfest Sunnfjor vil du kunne lese om Krimfesten og her vil vi presentere forfattarar og program. Du kan sjølv komme med komentarar og legge inn aktuelle saker. Mer om sonen

Origo KRIMFEST SUNNFJORD er en sone på Origo. Les mer
Annonse